Fossane

Opplev Vøringsfossen og Tyssvikjo på nært hald frå to fine utsiktspunkt: frå svingen like nedanfor kaféen på gamlevegen og ved enden av stien (5 min spasertur).

Vøringsfossen like ved Rv 7 over Hardangervidda. Startar 650 m.o.h. og har eit fritt fall på 181 meter.

Vøringsfossen (elva Bjoreio) er regulert.          Frå 1. juni til 15. oktober er vassmengda 11,5 m³ pr sekund. Resten av året går vatnet inn i Sysendammen (sjå bilete på toppen av sida) og vidare til Sima kraftverk som er eit av Statkraft sine besøkskraftverk.

Tyssvikjo er fossen direkte overfor parkeringsplassen ved kafeen. Dette er ein stor bekk som varierer frå flott foss (-ofte forveksla med Vøringsfossen) til ingenting i tørkeperiodar.

Forsiktig på stupet! Ved kafeen er det ca 200 meter rett ned, oppe ved Fossli Hotell er det ca 300 meter høgt stup. Kanten er berre delvis sikra på utkikspunkta, så ver forsiktig!

Som alle andre stader i den norske naturen gjeng du på eige ansvar!